IMG_6900.jpg

Hei.

Velkommen til min elbil, bil- og opplevelsesweb! Jeg reiser rundt i ulike biler, og prøver å finne spennende ting på veien som du kan ha glede av - i tillegg til det som er å si om de fine bilene, selvsagt!

Det er mye nytt å sette seg inn i når du skal konvertere til elbil. Jeg prøver ut forskjellige biler og "issues" som du forhåpentligvis kan ha glede av før du signerer hos bilhandleren.

Foreløpig har jeg lagt inn en del nyheter og snart kommer det flere biltester og ikke minst praktiske råd om hybrid-, plug-in hybrid- og elbiler, lading, ord og uttrykk, m.m.

Jeg håper du vil være med på reisen! 

Beste hilsen Gro

Klargjering av rollar i bompengeinnkrevjinga

Klargjering av rollar i bompengeinnkrevjinga

- Gjennom bompengereforma sørger vi for at pengane bilistane betaler blir brukt til å bygge meir veg. No skal dei som har ansvar for bompengebrikkene bli skilt ut frå bompengeselskapa. Da hindrar vi kryssubsidiering mellom bompengeselskapa og bompengebrikka kan nyttast til andre ting en berre bompengar, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Det er den såkalla utferdarrolla som skal skiljast ut frå bompengeselskapa. Etter fastsetjinga av Utstederforskriften i statsråd i dag, trer endringane i kraft frå 1. januar 2019.

Bompengeselskapa får ein overgangsperiode på inntil 18 månadar til å omstille seg. Det vil vere mogleg å forlenge denne overgangsperioden med ytterligare seks månader dersom det ligg føre særskilde grunnar.

- Vi skal vere trygge på at pengane vi betalar i bomstasjonar vert nytta til det formålet dei er tiltenkt. Da er det viktig med tydelige og separate roller. Det får vi no, seier samferdselsministeren.

Bompengeselskapa har i dag både rolla som operatør og utferdar. Som operatør har selskapa ansvar for forvalting av lån og registrering av passeringar i dei aktuelle bompengeprosjekta. Som utferdar tilbyr selskapa bilistane ein avtale og ei brikke til registrering av bompasseringar. Selskapa står dermed både for innkrevjing frå sine avtalekundar via brikka, og i tillegg ber dei kredittrisikoen for betaling for bompasseringar frå avtalekundane sine overfor operatør. Denne utferdarrolla vert nå tatt over av eigne utferdarselskap. 

Ved å skilje ut utferdardelen frå bompengeselskapa kjem det ein ny marknad for utferdartenester. I denne marknaden kan ein sjå for seg både privateigde selskap og fylkeskommunalt/regionalt eigde selskap som gir tilbod om tenester.

Derfor er strømprisen uvanlig høy i år

Derfor er strømprisen uvanlig høy i år

Politiet velger Honda MC

Politiet velger Honda MC

0